Norske Gaardnavne

Fra Andebu bygdebok (test 5)
Hopp til: navigasjon, søk

Norske Gaardnavne er eit bokverk som vart utgjeve i åra frå 1897 til 1924 etter manuskript utarbeidd av professor Oluf Rygh. Bokverket inneheld normert skrivemåte, opplysningar om uttale, historiske skrivemåtar og tolkingsframlegg til namna på matrikkelgardane i Noreg. Det er vorte eit standardverk om stadnamn i Noreg, og eit føredøme for liknande publikasjonar i Sverige og Danmark.


«-blandt Landsfolket er ikke liden Tilbøielighed til at betragte disse Udtaleformer som noget, der kan være godt nok til dagligt Brug, men som det ikke passer sig at bruge hverken i Skrift eller ligeoverfor Folk, der ikke selv tale Bygdemaal.»
Rygh i forordet til Norske Gaardnavne


Bakgrunnen til Norske Gaardnavne

Revisjonen av matrikkelen av 1863

Ved lov av 6.6.1863 påbaud Stortinget ein ålmenn revisjon av matrikkelen i Noreg. Under arbeidet kom det framlegg om å få retta på inkonsekvensar og feil i gardsnamna. I 1878 vart professorane Sophus Bugge, Oluf Rygh og prost Johan Fritzner oppnemnde som medlemmer i ein kommisjon som skulle revidere namna i matrikkelen.

I arbeidet samla dei informasjon om skrivemåtar av namna frå tida føre det språklege skiftet frå gamalnorsk til dansk skriftmål mot slutten av mellomalderen. Vidare samla dei opplysningar om korleis namna vart uttala hjå bygdefolket. Kommisjonen kom til at skrivemåten for gardsnamna så langt råd var måtte liggje nær uttaleformene.

Kjeldene til gardsnamna

Etter di språket har endra seg frå gardsnamnet vart til, vil dei eldste skriftlege kjeldene ha størst verdi når vi skal finne fram til tydinga av eit gardsnamn. Derfor leita kommisjonen etter namneformer frå tidleg mellomalder — i soger, jordebøker og brev samla i Diplomatarium Norvegicum. Men skrifttradisjonen er ikkje eldre enn at mange namn kan vere tusen år eldre enn eldste skriftlege kjelda til namnet. For store deler av landet manglar skriftlege mellomalderkjelder for mange gardsnamn. Den nyaste skriftlege kjelda kommisjonen bruka var matrikkelutkastet frå 1723.

Det andre hovudhjelpemiddelet var den munnlege uttalen. Kommisjonen heldt seg einast til uttalen som vart bruka mellom allmugen til dagleg. Her såg dei at dei noverande uttaleformene stod i same høve til dei opphavlege namna som det noverande bygdemålet til gamlemålet. Nær byane kunne fordanska og mistolka skriftformer ha verka inn på uttalen av namn, men også uti bygdene kunne uttaleformer tufta på range skrivemåtar av stadnamn komme inn attåt den nedervde lokale uttalen. I nokre tilfelle kunne den nedervde uttalen frå dei opphavlege namneformene vere bruka blant ein mindre del av folket.

Undersøkingane rundt uttaleformene var det Bugge og Rygh som sytte for, eit arbeid dei hovudsakleg gjorde unna i sommarferiane sine. Dei kunne ikkje vitje kvar ei bygd i landet; dei fleste opplysingane fekk dei ved ekserserplassar, lærarseminar og andre stader bygdefolk fanst samla.

Drøftingar rundt gardsnamna

I verket er det drøfta kva for grammatisk form namna har - mellom anna kjønn, tal, kasus og om namnet står i bunden eller ubunden form. Det er òg gjort greie for lydlege endringar gjennom tidene, om slike er dokumenterte.

Tydinga av namnet er sett i samanheng med korleis gardsnamn vert til:

  • Naturnamn (høgder, skråningar, skard, nes, øyar, fossar, myrar, flater o.s.b.)
  • Namn avleidde av bruken av landet (hamner, vegar, eid o.l.)
  • Namn frå tre, buskar og plantar
  • Namn knytte til dyr og dyreliv
  • Namn knytte til korleis garden er vorten til, bygningar på garden eller anna menneskeverk på staden
  • Namn som kjem frå andre ord for bustad eller dyrka land
  • Namn avleidde av bruken av garden eller andre tilhøve knytte til gardshistoria
  • Namn frå vesen knytte til folketrua
  • Samanlikningsnamn, t.d. med klestykke o.a., eller med kroppsdelar, dyr eller reiskapar
  • Namn avleidde av elvenamn
  • Namn som inneheld personnamn eller tilnamn
  • Rosande og nedsetjande namn

Publisering

Etter at matrikkelen var ferdigstilt i 1892, vart materialet oversendt Riksarkivet. Interessa for arbeidet var så stor at Stortinget i 1896 løyvde pengar til trykking av opplysingane som var samla til bruk ved matrikkelrevisjonen. I 1897 vart første bandet i serien Norske Gaardnavne trykt.

Bokverket

Norske Gaardnavne vart utgjeve med eitt band for kvart amt og eit band med forord og innleiing, slik at folk kunne kjøpe enkeltband. Då Oluf Rygh døydde, var innleiingsbandet og dei to første amtsbanda (Smaalenenes Amt og Akershus Amt) utgjevne, og band 3 og første halvdel av band 4 var på det næraste ferdige til å trykkast (Hedemarkens Amt og Kristians Amt, første halvdel). Manuskripta til dei neste banda vart bearbeidde av Albert Kjær, Hjalmar Falk, Amund B. Larsen, Magnus Olsen og Karl Ditlev Rygh.

Arbeidet i matrikkelkommisjonen hadde ikkje omfatta Finnmark. I 1924 vart det ved Just Qvigstad og Magnus Olsen utgjeve eit 18. band med namn på matrikulerte jordeigedommar «i Finmarkens amt». Qvigstad arbeidde med dei samiske og kvenske namna, medan Olsen arbeidde med dei norske. Finnmarksbandet skil seg frå dei andre banda ved at det har med eit fullstendig oversyn over matrikulerte jordeigedommar - ikkje berre gardnamn, men òg bruksnamn er med. Dette bandet byggjer på nyare skriftlege kjelder enn dei som låg til grunn for matrikkelkommisjonen sitt arbeid. I Finnmarksbandet er ikkje skrivemåten for gards- og bruksnamna revidert.

Det er sidan gjeve ut fleire faksimileutgåver av verket Norske Gaardnavne..

Norske Gaardnavne i elektronisk utgåve

Som ein del av dokumentasjonsprosjektet ved universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø vart Norske Gaardnavne overført til maskinlesbar form, og gjort søkbar. Arbeidet vart gjort med stønad frå Norsk kulturråd og 9 fylkeskommunar. Førsteamanuensis Tom Schmidt ved Seksjon for namnegransking ved Universitetet i Oslo har hatt det faglege ansvaret for den digitale utgåva.

Den digitale utgåva omfattar ikkje det 18. bandet med matrikkelnamn frå Finnmark.

Bruk av namneverket

I Noreg er Norske Gaardnavne eitt av heller få nasjonale standardverk. I 18 band er nær alle dei om lag 50 000 gardsnamna i landet vårt tolka og drøfta på ymse vis. Verket tar òg føre seg namna på sokn og herad slik dei var ved førre hundreårsskiftet.


Serien Norske Gaardnavne er vorten ståande som standardverket for skriving og tyding av stadnamn i Noreg. Det tyder ikkje at alle namna er tolka rett. Men i seinare tolkingar er det ofte vist til tolkinga i O. Rygh.

Skrivemåten kan heller ikkje stå som nokon fasit, sidan Rygh har normert namna til riksmål anno 1900. I dag vil vi normere namna etter gjeldande rettskrivingsprinsipp. Men med uttaleformene i lydskrift er verket ei god hjelp når vi vil normere eit stadnamn ut frå lov om stadnamn, som seier at normeringa skal ta utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen.

Tilsvarande verk i grannelanda

Tilsvarande verk i Danmark er Danmarks Stednavne. Første bandet kom i 1922 og handlar om stadnamn på Samsø. I Sverige har dei verket Sveriges ortnamn. Verken den danske eller svenske serien er fullført, dvs. dekkar alle områda av Danmark og Sverige.

Oversikt over serien Norske Gaardnavne:

Andre etterlatne arbeid etter Oluf Rygh

  • Gamle Personnavne i norske Stedsnavne (utgjeve 1901)
  • Norske Elvenavne (utgjeve ved Karl Ditlev Rygh 1904)

Bakgrunnsstoff

Kjelder